Forsiden
Du er her: Forsiden > Naturforvaltning > Fuglefjellet på Runde kontra Havsul I

Fuglefjellet på Runde kontra Havsul I

Av Alv Ottar Folkestad (04.05.2020)

Kvar er heilskapsforståinga for kystnaturen ved vindkraftutbygging «i fjøresteinane»? Norges vassdrag- og energidirektorat (NVE) har gitt utvida igangsettingsfrist for vindkratverket Havsul I. NOF har jobba mot prosjektet i nærare 15 år, og ber no departementet om å setje ein endeleg stopp for ein av dei mest hårreisande vindkraftplanene Noreg har sett.

havsule

Petroleumsnæringa har sitt "skarvfelt" (gass- og oljefeltet skarv) i nordlege delar av norskehavet. Vindkraftverket "Havsul I", oppkalt etter den flotte sjøfuglen havsule, vert eit 100 kvadratkilometer stort industrianlegg "i fjærsteinane" dersom det vert realisert. Havsul I vil ligge på viktige fiskefelt og i sjøfuglane sitt matfat. Havsula er ein av artane som vil verte ramma, saman med tusenvis av andre sjøfuglar, også frå det ikoniske fuglefjellet Runde. (Opphavsrett: Per Arne Johansen) Større bilde

Lunde

Pelagiske sjøfuglar lever eit omflakkende og gjennom menneskelege auge ekstremt liv på havet. Når dei returnerer til hekkeplassane om våren vert harde, livløse klipper og øyer som ved magi fylt med eit yrande fugleliv. Men det er alltid havet som utgjer ressursbanken, og som gir nytt liv i holrom og i bergveggar mogeleg. For lundene på Runde er beiteområda nordover frå fuglefjellet viktige, og NOF kjempar difor ein innbitt kamp mot vindkraftverk i dette området. (Opphavsrett: Håvard Eggen) Større bilde

Skjebnen sin ironi (eller er det bevisst misbruk av natursymbol?) gir eit nytt trugsmål mot fuglefjellet på Runde. Konsesjon til «Havsul I» dekkar eit 100 km2 stort område vest av Ona, midt i den viktigaste delen av matfatet for Runde-fuglane, og utan at verknaden for kystnaturen har vore realitetsvurdert. Ordspelet Havsul – henta frå ein av få sjøfuglartar som har vore på offensiven i seinare år – kan bli siste spikaren i kista for eit natur-ikon som har gitt mennesket opplevingar langt utanom det vanlege, og høvet til å forstå samanhengar som kystfolket har visst om i generasjonar: Utan tilgang til mat frå havet - ingen eksistens for liv på land.

Eit fuglefjell kan ikkje eksistere åleine

Fråver av heilskapsvurdering ga eit konsesjonsvedtak som vil kunne setje bom for framtida for fuglefjellet på Runde, og den rike kystnaturen i desse områda. Eit fuglefjell kan ikkje eksistere åleine som imponerande stup mot storhavet. Fuglane her høyrer med til dei mest mobile aktørane til å nytte næringsgrunnlag gjennom ynglesesongen, der avstandar på 50-100 km er dagleg arbeidsveg. Nokre artar kan gå 400 km eller meir for mat til seg og sine. Fleire gonger kvar dag hentar lundeparet mat der maten til ei kvar tid er, der aktivitet av annan fugl ber bod om føde. Matsøk inne i, eller på, andre sida av eit vindkraftverk betyr kontinuerleg dødsfare for lunde, havsule eller anna sjøfugl når fokuset er på mat der maten er. Det er lite interessant kor høgt eller kor ofte fuglane er på vengene resten av året.

Matfat eller industrianlegg

Skildringar av kystnaturen på Sunnmøre frå 1700-talet til i dag nemner fuglefjellet på Runde som eit naturfenomen utanom det vanlege. Frå prestane Reutz og Strøm til dagens turistbrosjyrar kjenner vi att fuglefjellet sine innbyggarar, med lunde som gjennomgåande symbolart og krykkja som nesten likeverdig dei siste 200 åra. I nyare tid har havsula segla opp som assisterande, ikkje i tal, men ved å syne att i fjellet. Dei bratte stupa mot havet i kombinasjon med kyst- og havstraumar, alge- og åteblomstring og yngleområde for viktige fiskeslag, demonstrer samanhengane mellom alt levande, og konsentrerer heilskapen slik at mennesket må la seg imponere – og forstå – at alt heng saman med alt. Vi får demonstrert årsrytmene i kystnaturen gjennom møtet mellom kystvatn og havvatn, der livet vaknar i brytinga mellom vinter og vår, innsig av gytefisk og sjøfugl får mat til rett tid. Føda kjem frå sør og sørvest tidleg på året, flyttar seg nordover vår og sommar, i lang tid eit rikeleg matfat på grunnene i havkanten mellom Breisunddjupet og Saltsteinsleia/Hustadvika høgsommar og seinsommar. Dette har alltid vore rytmen, varierande frå år til år, men alltid har områda nord for fuglefjellet vore sentrale for vellukka resultat på Runde. Frå 1950-talet vart dette dokumentert ved merking av tusenvis av sjøfugl på Runde, og i elektronikkens tidsalder er det på ny synleggjort i grafar og illustrasjonar. 

Verneområde truga

Fuglefjellet på Runde vart freda i 1957, etter initiativ frå folket på Runde og argumentet at «våre etterkomarar skal få oppleve eit fuglefjell som har utvikla seg utan negativ påverknad frå folk». Eit symbolsk intiativ teke lenge før miljøverntanken var allmenn. Dette må ikkje bli torpedert av ein vindkraftkonsesjon gjeven utan omsyn til ein heilskap, i dag i strid med naturmangfaldlova sin § 49, som skal sikre verneområda. Vidareføring av konsesjon til Havsul I må ikkje verte slutten for fuglefjellet på Runde.

Les vår klage på utsatt igangsettelsesfrist for Havsul I

NOF har meldt prosjektet inn for Bern-konvensjonen

emneord Emneord: Havsul havvind sjøfugl trekk vindkraft